Øystre Slidre Brannvesen

 

Hjem

Hva skjer:

Ski NM -08

 Biler/utstyr

 Mannskaper

 Utrykninger

 Div

 

Frontkolisjon ved Moane 22/12/07

Publisert 22.12.2007 - 18:00  Avisa Valdres

To personbilar kolliderte ved Moane klokka halv tolv laurdag. Den eine bilen, som kom frå Volbu, overheldt ikkje vikeplikta då han kjørte inn på Rv 51. Her frontkolliderte han med ein bil på veg sørover frå Beitostølen.
Ambulanse vart raskt tilkalla, og sjåførar og passasjerar vart frakta til legekontoret på Fagernes. Ein eldre kar, som kjørte bilen som kom frå Volbu, klaga over smerter i hovudet og vart frakta vidare til sjukehuset på Gjøvik. Føraren i den andre bilen var ei kvinne frå Buskerud. Ho hadde med seg eit lite barn og ein vaksen passasjer. Den vaksne passasjeren klaga over smerter i hovud, nakke og bryst og vart også frakta til sjukehuset på Gjøvik for nærmare undersøking. Ingen av bilane var kjørbare etterpå og vart taua inn til Sebu Bil, like ved.

                                                                                                                                          

Info/post kan rettes til: post@o-s-brannvesen.com

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

                                                                                         

 

 

 

o-s-brannvesen.com © 2007 • Privacy Policy • Terms Of Use